Daniels bok 11:16
Han som fer imot honom, skal fara åt som han vil, og ingen skal kunna standa seg imot honom; han skal setja seg fast i det herlege landet, og øyding skal handi hans valda.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Joshua 1:5I alle dine livedagar, skal ingen vera mann til å standa seg mot deg. Eg skal vera med deg, liksom eg var med Moses; aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg.
Jeremiah 3:19Eg sagde då: «Å, kor høgt eg vilde sessa deg millom borni og gjeva deg eit hugnadlegt land, den herlegaste odel millom folki.» Og eg sagde: «De vil ropa til meg: «Min fader!» og ikkje meir skilja lag med meg.»
Daniel 8:7Eg såg honom koma radt inn på veren og drusa til honom i illska, og han stanga til veren og braut sund båe horni hans, so at veren ingi magt hadde til å standa imot honom; og han kasta honom til jordi og trakka på honom, og det beid ingen som kunde berga veren or hans vald.
Daniel 11:3Sidan skal det standa fram ein veldug konge, og han skal rikja med stor magt og gjera som han vil.
Daniel 11:41Han skal og draga inn i det herlege landet, og mange andre land skal verta heimsøkte; men desse skal koma seg undan henderne hans: Edom og Moab og storluten av ammonitarne.