Daniels bok 12:1
«På den tidi skal Mikael stiga fram, den store hovdingen som stend verja for borni åt folket ditt; og det kjem ei trengsletid som det ikkje hev vore makan til alt frå den dagen då det vart folk til, og like til den tidi. Men på den tidi skal alle dei av folket ditt verta frelste som finst skrivne i boki.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2Og mange av deim som søv i moldi, skal vakna upp, sume til æveleg liv sume til skam og æveleg stygg.
Cross References
Exodus 32:32Å gjev du kunde gløyma syndi deira! Kann du ikkje, so strjuk meg ut or boki di som du skriv i!»
Psalms 69:28Lat deim leggja syndeskuld til si syndeskuld, og lat deim ikkje koma til di rettferd!
Isaiah 9:7So skal herredømet verta stort og freden utan ende yver Davids kongsstol og yver riket hans; det skal reisast og stydjast med rett og rettferd frå no og til æveleg tid. Brennhugen i Herren, allhers drott, skal gjera dette.
Isaiah 26:20Gakk då, mitt folk, inn i kovarne dine, og lat att dørerne etter deg! Gøym deg ein augneblink, til dess vreiden gjeng yver.
Jeremiah 30:7Å! Stor er den dagen, han hev ikkje sin like. Ja, ei trengsletid er det for Jakob, men han skal verta frelst derifrå.
Ezekiel 13:9Og mi hand skal vera mot dei profetarne som ser fåfengd og fer med ljugar-spåing; i mitt folks råd skal dei ikkje vera, og i boki åt Israels-lyden skal dei ikkje verta skrivne, og til Israels land skal dei ikkje koma; og de skal sanna at eg er Herren, Herren,