Daniels bok 12:11
Og frå den tid då det daglege offeret vert avteke og den øydande styggedomen sett upp, skal det ganga eit tusund tvo hundrad og nitti dagar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
12Sæl er den som biar og når fram til eit tusund tvo hundrad og fem og tretti dagar.
Cross References
Daniel 1:12«Gjer ein freistnad med tenarane dine i ti dagar, og gjev oss grønt å eta og vatn å drikka.
Daniel 8:11Ja, jamvel mot hovdingen yver heren briska det seg; han tok burt det daglege offeret, og hans heilagdoms bustad vart nedriven.
Daniel 9:27Og han skal gjera eit sterkt samband med mange for ei vika, og ved honom skal slagtoffer og grjonoffer vera avteke for ei halv vika; og på styggedoms veng skal øydaren koma. Detta skal ganga fyre seg, til dess øyding og urikkeleg avgjord straffedom strøymer ut yver øydaren.»
Matthew 24:15Når de då ser at den øydande styggedomen som Daniel, profeten, hev tala um, stend på den heilage staden» - agta vel på dette du som les! -
Revelation 11:2Men fyregarden utanfor templet, lat honom vera og mæl honom ikkje! for han er gjeven åt heidningarne, og dei skal trøda ned den heilage byen i tvo og fyrti månader.
Revelation 13:5Og det vart gjeve det ein munn som tala store og spottande ord, og det vart gjeve det magt til å halda på i tvo og fyrti månader.