Daniels bok 2:28
Men det er ein Gud i himmelen, som openberrar løyndomar, og han hev late kong Nebukadnessar vita kva som skal henda i dagar som kjem. Dette var draumen din og den syni du hadde på lægjet ditt:
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 40:8«Me hev drøymt,» svara dei, «og det er ingen som kann tyda draumarne våre.» Då sagde Josef med deim: «Er det ikkje Gud som råder for uttydingi! Seg de meg kva de hev drøymt!»
Genesis 49:1Og Jakob kalla kring seg sønerne sine og sagde: «Samla dykk saman, so skal eg varsla korleis det skal ganga dykk langt fram i tiderne:
Deuteronomy 4:30Når du er i vande, og alt dette kjem yver deg, langt fram i tidi, då skal du venda deg til Herren att, og lyda etter ordi hans.
Psalms 115:3Vår Gud er då i himmelen, alt det han vil, gjer han.
Isaiah 41:22Lat deim då koma, melda oss kva som skal henda. So meld oss kva de fyrr hev spått, at me kann agta på det og sjå um det vert uppfyllt. Ell’ lat oss høyra kva som kjem.
Jeremiah 48:47Men eg gjera ende på Moabs utlægd når tider er lidne, segjer Herren. So langt domen yver Moab.