Daniels bok 3:12
Men no er her nokre jødiske menner, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, som du sette til å styra Babelsfylket. Desse mennerne hev ikkje agta på deg, konge. Dei dyrkar ikkje dine gudar, og ikkje tilbed dei gull-bilætet som du hev fenge reist.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
11og at kvar og ein som ikkje fell ned og tilbed, skal verta kasta i ein brennande omn.
Cross References
Esther 3:8Og Haman sagde til kong Ahasveros: «Her finst eit folk som bur spreidt og utskildt millom dei andre folki i alle jarledøme i riket ditt. Loverne deira er ulike loverne åt alle andre folk, og kongens lover held dei ikkje, so kongen kann ikkje lita seg med å lata deim i fred.
Ecclesiastes 4:4Og eg såg at alt stræv og all dugleik i arbeidet ikkje er anna enn ovund som driv den eine fyre den andre. Det og er fåfengd og jag etter vind.
Daniel 6:13Sidan gjekk dei til kongen og spurde honom um det kongelege forbodet: «Hev du ikkje late setja upp eit forbod, at kven det er som i tretti dagar held si bøn til nokon annan, det vere gud eller menneskje, enn til deg, konge, han skal verta kasta i løvegropi?» Kongen svara: «Jau, og det ordet stend fast etter ubrigdeleg lov hjå medarar og persarar.»
Acts 5:28«Baud me dykk ikkje strengt, at de ikkje skulde læra i dette namnet? og sjå, de hev fyllt Jerusalem med læra dykkar, og de vil føra yver oss denne manns blod.»