Daniels bok 3:7
So snart alt folket no høyrde ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter og alle andre slags spel, fall dei difor ned, alle folk og ættar og tungemål, og tilbed det gull-bilætet som kong Nebukadnessar hadde fenge reist.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
6Men den som ikkje fell ned og tilbed, skal i same stundi verta kasta i ein brennande omn.»
8Men straks etter stod nokre kaldæiske menner fram og klaga jødarne.
Cross References
Acts 14:16han som i dei framfarne tiderne let alle heidningfolk ganga sine eigne vegar,
Revelation 12:9Og den store draken vart kasta ned, den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, han som dårar heile verdi; han vart kasta ned på jordi, og englarne hans vart kasta ned med honom.
Revelation 13:8Og alle som bur på jordi, skal tilbeda det, kvar den som ikkje frå verdi vart grunnlagd, hev fenge namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lambet som er slagta.
Revelation 17:8Det dyret du såg, det var og er ikkje, og det skal stiga upp or avgrunnen og fara burt til undergang; og dei som bur på jordi, som ikkje hev namni sine skrivne i livsens bok frå verdi vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser at dyret var og ikkje er og skal koma att.