Daniels bok 4:17
So er det skipa ved rådgjerd av vaktarane, og so hev dei heilage sagt i saki, so mykje dei levande skal sanna at det er den Høgste som råder yver manneriket og gjev det til kven han vil, ja, set den ringaste millom menneskje yver det.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 9:16Men eg sparde deg, av di eg vilde syna deg magti mi og gjera namnet mitt kunnigt yver all jordi.
1 Kings 21:25Aldri hev det vore nokon slik som Ahab, som selde seg sjølv til å gjera det som vondt var i Herrens augo, av di Jezabel, kona hans, eggja honom.
2 Kings 21:6Han vigde son sin i elden og for med spådom og trolldom, og tinga folk til å mana fram draugar og spåvette. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens augo, og harma honom.
Psalms 9:16Heidningarne er sokne i den grav som dei grov; deira fot er fanga i det garnet dei løynde.
Psalms 75:6Reis ikkje hornet dykkar høgt, gjer ikkje nakke og tala agelaust!»
Psalms 113:7han som reiser den ringe or moldi og lyfter den fatige or skarnet