Daniels bok 6:25
Sida baud kongen, og dei henta dei mennerne som hadde klaga Daniel, og kasta deim og borni og konorne deira i løvegropi; og endå fyrr dei var til botnar komne, rauk løvorne på deim og krasa kvart beinet i deim.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Ezra 1:1I det fyrste åt Kyrus, kongen Persia, vekte Herren hugen i perserkongen Kyrus - for Herrens ord i Jeremias munn skulde nå sitt endemål - og han let ropa ut i alt sitt rike og sende brev i kring med sovori kunngjering:
Esther 3:12Då vart skrivarane åt kongen kalla saman, den trettande dagen i fyrste månaden, og dei skreiv i alle måtar soleis som Haman baud, til kongens satrapar, til jarlarne i kvar sitt jarlerike og til hovdingarne yver dei einskilde folki; kvart jarlerike fekk brevet med si skrift og kvart folk med sitt mål. I namnet åt kong Ahasveros ferda dei ut brevet og forsigla det med den kongelege signetringen.
Esther 8:9So vart då skrivarane åt kongen straks kalla saman, den tri og tjugande dagen i tridje månaden, månaden sivan, og dei skreiv i alle måtar soleis som Mordokai baud til jødarne og til satraparne og jarlarne og hovdingarne i jarleriki, frå India til Ætiopia, hundrad og sju og tjuge jarlerike; kvart rike fekk brevet med si skrift, kvart folk på sitt tungemål, og jødarne med si skrift og på sitt tungemål.
Psalms 9:16Heidningarne er sokne i den grav som dei grov; deira fot er fanga i det garnet dei løynde.
Daniel 4:1Kong Nebukadnessar til alle folk og ætter og tungemål som bur på heile jordi: Heil og sæl!
2 Peter 1:2Nåde og fred vere med dykk i rikt mål, med di de kjenner Gud og Jesus, vår Herre!