Daniels bok 6:27
Hermed gjev eg det bodet at i heile mitt rike skal folk skjelva og ottast for Daniels Gud. For han er den livande Gud, som skal vera i all æva; og riket hans er eit som ikkje kann øydast, og veldet hans varer alt til enden.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 17:26David spurde deim som stod attmed honom: «Kva fær den som feller denne filistaren og tek ei sovori svivyrding burt frå Israel? for kven er denne u-umskorne filistaren som vågar svivyrda fylkingarne åt den livande Gud?»
Psalms 18:48den Gud som gjev meg hemn og legg folkeslag under meg,
Psalms 32:7Du er mi gøymsla, du vaktar meg for trengsla, du let fagnadrop um frelsa ljoda ikring meg. Sela.
Psalms 97:10De som elskar Herren, hata det vonde! Han tek vare på sjælerne åt sine trugne, frå handi til dei ugudlege frelsar han deim.
Jeremiah 10:10Men Herren er Gud i sanning; han er ein livande Gud og ein æveleg konge. For hans vreide bivrar jordi, og folkeslagi herder ikkje å standa for hans harm.
Daniel 2:44Men i dei dagarne dei kongarne liver, skal Gud i himmelen reisa eit rike som aldri i æva skal øydast, og magti yver det skal ikkje latast til noko anna folk. Det skal krasa og gjera ein ende på alle hine riki; men sjølv skal det æveleg standa;