Daniels bok 7:15
Då kjende eg, Daniel, åndi mi uroast i meg, og synerne i hovudet mitt skræmde meg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
I Daniel was grieved in my spirit in the midst of my body, and the visions of my head troubled me.
In Context
Cross References
Genesis 41:8Men um morgonen hadde han slik uro i seg. So sende han bod og kalla til seg alle runemeistrar i Egyptarland, og alle dei vise menner der var. Og Farao fortalde deim draumarne sine; men det var ingen som kunde tyda deim for honom.
Jeremiah 17:16Eg hev då ikkje drege meg undan, men fylgt deg og vore hyrding, og nokon ubøtande ulukke-dag ynskte eg ikkje, du veit det; det som gjekk ut frå lipporne mine, er synbert for di åsyn.
Daniel 2:3Og kongen sagde til deim: «Eg hev havt ein draum, og hev slik uro i hugen etter å få vita kva eg hev drøymt.»
Daniel 4:19Då stod Daniel, han som dei og kalla Beltsassar, ei stund forfærd og full av urolege tankar. Men kongen tok atter til ords og sagde: «Beltsassar, lat ikkje draumen og det som han tyder, skræma deg!» Beltsassar svara og sagde: «Herre min, gjev draumen måtte gjelda deim som hatar deg, og tydingi på honom fiendarne dine!
Daniel 7:28Her sluttar fråsegni. Men eg, Daniel, vart full av mange urolege tankar, og eg skifte liter i andlitet; men eg gøymde i hjarta mitt det som hadde hendt.
Habakkuk 3:16Eg hev høyrt det, og hjarta skalv. Ved ljoden bivrar lipporne mine, beini morknar i meg, og eg skjelv der eg stend. For eg lyt tolug bia på trengsledagen, til han dreg upp som trengjer folket.