Daniels bok 8:24
Veldet hans skal verta stort, men ikkje med hans kraft; og han skal gjera utruleg stor skade og hava heppa med seg i verket sitt; megtige skal han tyna, og eit folk av heilage.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Daniel 7:25Og han skal tala ord mot den Høgste, og dei heilage åt den Høgste skal han øyda; han skal setja seg fyre å skifta um tider og lov; og dei skal gjevast i hans hand ei tid og tider og ei halv tid.
Daniel 8:12Saman med det daglege offeret vart og ein herskare gjeven til pris for brot skuld. Og det slo sanningi ned til jordi, og det lukkast vel, alt det tok seg til.
Daniel 11:31Og herar som han sender ut, skal koma og skamfara heilagdomsborgi og taka burt det daglege offeret, og den øydande styggedomen skal dei setja upp.
Daniel 12:7Og eg høyrde på mannen som var klædd i linklæde, og som stod ovanfor vatnet i elvi; han lyfte høgre handi si og vinstre handi si upp imot himmelen og svor ved honom som liver æveleg: «Ei tid og tider og ei halv tid; og når magti åt det heilage folket er krasa, då skal alt dette fullendast.»
Revelation 16:6For blod av heilage og av profetar rende dei ut, og blod gav du deim å drikka; for dei er det verde.»
Revelation 17:12Og dei ti horni som du såg, er ti kongar som ikkje endå hev fenge rike, men dei fær magt som kongar ein time saman med dyret.