Femte Mosebok 10:12
Og no, Israel, kva er det Herren, din Gud, krev av deg, anna enn det at du skal ottast Herren, din Gud, og allstødt ganga på hans vegar, og elska og tena honom av heile ditt hjarta og heile din hug,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
13og halda bodi og loverne hans, som eg ber fram for deg no, so det kann ganga deg vel!
Cross References
Deuteronomy 4:29Då skal du søkja Herren, din Gud, og du skal finna honom, so sant du søkjer honom av heile ditt hjarta og heile din hug.
Deuteronomy 5:33Fylg allstødt den vegen som Herren hev synt dykk! Då skal de trivast og liva både vel og lenge i det landet de fær til eiga.
Deuteronomy 6:13Herren, din Gud, skal du ottast, og honom skal du tena, og ved hans namn skal du sverja.
Deuteronomy 26:16«I dag segjer Herren deg det at du skal halda desse bodi og loverne. So legg deim då på minne, og liv etter deim med heile ditt hjarta og heile din hug.
Deuteronomy 30:16Gjer du som eg segjer med deg i dag, elskar du Herren, din Gud, og gjeng på hans vegar, og held bodi og fyresegnerne og loverne hans, då skal du liva og veksa, og Herren, din Gud, skal velsigna deg i det landet du kjem til å eiga.
Joshua 22:5Men kom vel i hug å leva etter dei bodi og den lovi som Moses, Herrens tenar, lærde dykk, at de skal elska Herren, dykkar Gud, og all tid ganga på hans vegar, og halda bodi hans, og vera trugne imot honom, og tena honom av heile dykkar hjarta og all dykkar hug!»