Femte Mosebok 13:2
[2-3] og segjer: «Lat oss fylgja andre gudar» - gudar som du ikkje kjenner - «og beda til deim!» so lyd ikkje etter kva slik ein profet eller draumsjåar segjer, um det so horver etter som han spådde; for Herren vil då røyna dykk og sjå um de elskar honom av heile dykkar hjarta og heile dykkar hug.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
3[-]
Cross References
Exodus 7:22Men runemeistrarne deira bruka trollkunsterne sine, og gjorde det same. Og det gjekk som Herren sagde: Farao var stridhuga og høyrde ikkje på deim.
Deuteronomy 13:6Um bror din, son åt di eigi mor, eller son din, eller dotter di, eller kona di, som du held i fanget, eller venen din, som du hev so kjær som ditt eige liv - um nokon av desse lokkar deg i løynd, og vil få deg til å dyrka ein annan gud, som du ikkje kjenner, og federne dine aldri hev kjent,
Deuteronomy 18:22so høyr her: Når ein profet talar i Herrens namn, og det han hev sagt ikkje hender og ikkje gjeng fram, so hev det ordet ikkje kome frå Herren; då er det noko profeten hev våga seg til å tala på eigi hand, og du tarv ikkje vera rædd honom.
Jeremiah 27:9Og de no - lyd ikkje på profetarne dykkar og spåmennerne dykkar og på draumarne dykkar og på runekallarne og tauvrekallarne dykkar, som segjer med dykk: «De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!»
Zechariah 10:2Men husgudarne talar fåfengd, og spåmennerne ser falske syner. Tome draumar talar dei, og svikfull er deira trøyst. Difor laut dei reika ikring som ein saueflokk og lida vondt av di det ikkje er nokon hyrding.
Matthew 24:24For det skal standa fram falske Messias’ar og falske profetar og gjera store teikn og under, so jamvel dei utvalde kunde forvillast, um det var råd.