Femte Mosebok 13:5
Og denne profeten eller draumsjåaren skal lata livet, for di han talde dykk til å falla frå Herren, dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptarlandet, og fria dykk ut or slavehuset, og for di han vilde lokka deg burt frå den vegen som Herren, din Gud, hev sagt du skal ganga. Soleis skal de rydja det vonde ut or lyden.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 6:13Herren, din Gud, skal du ottast, og honom skal du tena, og ved hans namn skal du sverja.
Deuteronomy 13:10Du skal steina honom i hel, for di han freista å lokka deg burt frå Herren, din Gud, som førde deg utor Egyptarlandet, or slavehuset.
Deuteronomy 18:20Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn, og eg ikkje hev sett honom til det, eller talar han i namnet åt andre gudar, so skal han døy.»
Deuteronomy 22:21so skal dei føra henne burt til døri til farshuset hennar, og mennerne der i byen skal steina henne i hel, for di ho hev gjort eit skjemdarverk og fare åt som ei skjøkja i huset åt far sin. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.
Deuteronomy 24:7Kjem de yver ein mann som hev rana burt nokon av landsmennerne sine, av Israels-folket, og fer ille med honom eller sel honom, so skal ransmannen døy; soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.
Joshua 23:8men haldt fast ved Herren dykkar Gud, soleis som de hev gjort til denne dag!