Femte Mosebok 2:24
«Gjer dykk reiduge,» sagde Herren; «far i veg, og set yver Arnonåi! Eg gjev Sihon, amoriten, kongen i Hesbon, og landet hans i dine hender. Tak til med å slå det under deg, og gjev deg i strid med honom!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 21:13So for dei lenger, og slo læger på hi sida av Arnonelvi, der som ho kjem utor Amoritarlandet og renn igjenom øydemarki. Arnon er landskilet åt Moab, og byte millom Moab og amoritarne;
Joshua 6:16Då no prestarne bles i lurarne den sjuande gongen, då sagde Josva til folket: «Ropa no! For Herren hev gjeve dykk byen.
2 Chronicles 36:23«So segjer Kyrus, kongen i Persia: «Alle kongerike på jordi hev Herren, Gud i himmelen, gjeve meg, og han hev lagt på meg at eg skal byggja honom eit hus i Jerusalem i Juda. Er det nokon millom dykk av alt hans folk, so vere Herren, hans Gud, med honom, og han drage upp dit!»»
Jeremiah 27:5Eg hev gjort jordi, menneskja og dyri på jordi med mi store magt og min strake arm, og eg gjev dette til den eg tykkjer er den rette.
Daniel 2:38du, som hev gjeve mannsborni, dyri på marki og fuglarne under himmelen i henderne på, so langt som liv bur, og som han hev sett til herre yver det alt saman, du er dette gullhovudet.