Femte Mosebok 26:11
og du skal gleda deg i alt det gode Herren, din Gud, hev gjeve deg og huset ditt, både du og levitarne og dei framande som bur millom dykk.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 12:12Og de skal gleda dykk for Herrens åsyn, de og sønerne og døtterne dykkar, og drengjerne og tenestgjentorne, og levitarne som bur hjå dykk; for dei hev ikkje fenge nokon arvlut tilliks med dykk.
Deuteronomy 16:11Og du skal gleda deg for Herrens åsyn, på den staden han hev valt seg til bustad, både du og son din og dotter di, og drengen og tenestgjenta, og leviten som bur innan portarne dine, og dei framande og farlause og enkjorne de hev hjå dykk.
Psalms 63:3Soleis hev eg set etter deg i heilagdomen til å sjå di kraft og di æra.
Isaiah 65:14sjå, tenaran’ mine skal jubla av hjartans lyst, men de skal skrika av hjarteverk, og hugbrotne skal de hyla.
Acts 2:46Og kvar dag søkte dei samheldigt templet og braut brødet heime og fekk seg føda med fagnad og hjartans einfelde,
Philippians 4:4Gled dykk i Herren alltid! atter vil eg segja det: Gled dykk!