Femte Mosebok 30:18
so segjer eg dykk i dag beint ut at de skal verta utrudde; de skal ikkje få liva lenge i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 4:25Når du fær born og barneborn, og vert gamle i landet, og de då er so gudlause at de lagar dykk likjende av eitt eller anna og hev til gudebilæte, og soleis gjer det som Herren mislikar, og argar honom upp,
Deuteronomy 8:19Men gløymer du Herren, og held deg til andre gudar, og tener deim, og bøygjer kne for deim, so er det ute med dykk, det segjer eg dykk for visst.
Deuteronomy 31:21Når då mange ulukkor møter deim, og dei kjem i stor vande og naud, då skal denne songen ljoda som eit vitnemål for øyro deira; han skal ikkje vera gløymd hjå deim som etter kjem, og ikkje døy på munnen deira. For eg veit kva tankar dei gjeng med alt no, fyrr eg hev ført deim inn i det landet eg lova deim.»
Joshua 23:15Men liksom det hev gjenge etter alle dei gode ordi som Herren, dykkar Gud, hev tala til dykk, soleis skal Herren lata alt det vonde han hev truga med koma yver dykk, til han hev rudt dykk ut or dette gilde landet som han hev gjeve dykk.