Femte Mosebok 30:3
då skal Herren, din Gud, ynkast yver deg og venda lagnaden din, og sanka dykk i hop att or alle dei landi som han hadde spreidt dykk utyver.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Ezra 1:1I det fyrste åt Kyrus, kongen Persia, vekte Herren hugen i perserkongen Kyrus - for Herrens ord i Jeremias munn skulde nå sitt endemål - og han let ropa ut i alt sitt rike og sende brev i kring med sovori kunngjering:
Psalms 106:47Frels oss, Herre vår Gud, og samla oss frå heidningarne, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av ditt lov!
Psalms 147:2Herren byggjer upp Jerusalem, han samlar dei burtdrivne israelitar.
Isaiah 43:5Ver ikkje rædd! for eg er med deg; austanfrå vil eg føra di ætt, og vestanfrå vil eg samla deg.
Isaiah 56:8So segjer Herren, Herren, som samlar dei spreidde av Israel: Endå fleire samlar eg til han attåt deim som er samla.
Jeremiah 29:14Eg vil då lata dykk finna meg, segjer Herren, og eg vil gjera ende på utlægdi dykkar og samla dykk frå alle dei folki og or alle dei staderne som eg hev drive dykk burt til, segjer Herren, og lata dykk venda tilbake til den staden som eg førde dykk burt ifrå.