Femte Mosebok 31:20
For no fører eg deim inn i det landet eg lova federne deira, der som mjølki og honningen fløymer; men når dei hev ete seg mette og feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og tena deim, og vanvyrda meg, og brjota sambandet med meg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 3:8Og no hev eg stige ned, og vil fria deim ut frå egyptarane og føra deim ut or dette landet, til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kananitarne er og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne.
Deuteronomy 6:3So høyr då bodi hans, Israel, og ber deim i hugen, og liv etter deim! Då skal det ganga deg vel, og de skal aukast og trivast i eit land som fløymer med mjølk og honning, soleis som Herren, din fedregud, hev sagt med deg.
Deuteronomy 7:1Sjå no fører Herren deg inn i det landet du etlar deg til, og vil for di skuld driva ut store folkeslag: hetitarne og girgasitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne, sju folk som er større og sterkare enn du;
Deuteronomy 8:10Når du so nyt godt av alt dette, takka då Herren, din Gud, for det gilde landet han gav deg!
Deuteronomy 32:15Jesjurun vart feit, og slo bakut, feit vart han, foreten og stinn; han skaut ifrå seg sin skapar, mismætte sitt frelsande fjell.
Nehemiah 9:35Jamvel då dei budde i sitt eige rike og i den store rikdomen som du hadde gjeve deim, og i det vide og feite landet som du hadde lagt ope for deim, tente dei deg ikkje, og vende ikkje um frå si vonde åtferd.