Femte Mosebok 33:17
Ovgild er hans frumborne ukse! hans horn er som uruksehorn; med deim stangar han alle folki til verdsens ytste endemark. Det er Efraims store herar, det er Manasses sterke hop.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
18Og um Sebulon kvad han: «Gled deg, Sebulon, i di utferd, og du Issakar, i ditt tjeld!
Cross References
Genesis 48:19Men det vilde ikkje far hans, og han sagde: «Eg veit det, son min, eg veit det. Han og skal verta eit folk, han og skal verta stor, men bror hans som yngre er, han skal verta større; hans ætt skal verta ein fjølde med tjoder.»
Numbers 24:8Gud leid’ han or Egyptarland, ein urokse med sterke horn. Fiendefolki upp han et, og knokarn’ deira knasar han, med sine kolvar sund deim skyt.
Numbers 26:37Dette var Efraims-ætterne; dei var tvo og tretti tusund og fem hundrad mann som vart skrivne. Det var Josefs-sønerne etter ætterne deira.
Joshua 17:18Men det er ei fjellbygd du fær; det er skog der, og den lyt du hogga, og landet skal vera ditt til ytste endarne; for kananitarne skal du driva ut, endå dei hev jarnvogner, og endå dei er sterke.»
1 Chronicles 5:1Og sønerne hans Ruben, eldste son åt Israel - for han var den eldste; men med di han vanhelga lega åt far sin, vart odelsretten hans gjeven til sønerne hans Josef, son åt Israel, men då ikkje soleis at han skulde skrivast upp i ættelista som den eldste.
1 Chronicles 5:23Sønerne åt helvti av Manasse-ætti budde og der i landet frå Basan alt til Ba’al-Hermon og Senir og Hermonfjellet, og dei var mangmente.