Femte Mosebok 33:29
Å, Israel, kor du er sæl! Kven er vel som du? - eit folk som hev Herren til frelsar, din verjande skjold og ditt velduge sverd! Sjå, fiendarne smeikjer for deg, med du yver høgderne deira skrid fram!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 23:20Velsigning send’ han - signar han, so kann eg ikkje venda det.
Deuteronomy 4:7For kvar finst det eit folk, um det er aldri so stort, som hev ein gud so nær seg som Herren, vår Gud, er oss, kvar gong me kallar på honom?
Joshua 10:24Og då dei hadde ført desse kongarne ut til Josva, kalla han saman alle Israels menner og sagde til herhovdingarne som hadde fylgt honom i striden: «Stig fram, og set foten på nakken åt desse kongarne!» Då steig dei fram og sette foten på nakken deira.
2 Samuel 7:23Kvar finst på jordi noko folk maken til folket ditt, til Israel, som Gud sjølv gjekk av og løyste til sin eigen lyd, til eit frægdarnamn åt seg og gjorde so store gjerningar for dykk og agelege verk med landet ditt, for folket ditt, det som du sjølv løyste ut åt deg frå Egyptarland, frå heidningefolk og deira gudar.
Psalms 7:12Gud er ein rettferdig domar, og ein Gud som harmast kvar dag.
Psalms 18:45Ved gjetordet um meg lydde dei meg; framande folk smeikte for meg.