Femte Mosebok 4:10
Kom i hug den dagen då du stod framfor Herren, din Gud, innmed Horeb, og Herren sagde til meg: «Kalla folket i hop! Eg vil lata deim høyra bodi mine, so dei kann læra å ottast meg all den tid dei liver på jordi, og læra borni sine det same.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 19:9Då sagde Herren til Moses: «Høyr her! Eg skal koma til deg i ei tett sky, so folket kann høyra at eg talar med deg; då skal dei tru på deg i al æva.» Då Moses hadde sagt Herren kva folket svara,
Exodus 19:16So var det tridje dagen, med same det ljosna, då bar det laust med toreslått og ljon; på fjellet låg ei tjukk sky, og dei høyrde ein ovsterk lurljod. Då skalv alt folket som i lægret var.
Exodus 20:20Då sagde Moses til folket: «Ver ikkje rædde! Gud vil røyna dykk; difor er det han kjem - og at agen for honom skal bu i hjarto dykkar, so de ikkje syndar.»
Deuteronomy 5:29Gjev dei all tid måtte hava den same hugen til å ottast meg og halda alle bodi mine, so det kann ganga deim og borni deira vel i all æva!
Deuteronomy 6:7og du skal prenta deim inn i borni dine, og tala um deim når du sit heime, og når du gjeng etter vegen, og når du legg deg, og når du ris upp att;
Deuteronomy 14:23til den staden som Herren, din Gud, vel seg til bustad; der skal du halda måltid for hans åsyn, og eta tiendi av kornet ditt og av vinen og oljen, og frumsungarne av storfeet og småfeet ditt, so du kann læra å ottast Herren, din Gud, alle dagar.