Femte Mosebok 5:22
Desse ordi tala Herren på fjellet med høg røyst til heile lyden dykkar, midt utor elden og skyi og myrkret, og meir sagde han ikkje; og han skreiv dei på tvo steintavlor, og gav deim til meg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 19:19Og ljurljoden auka og vart sterkare og sterkare: Moses tala, og Gud svara honom lydt.
Exodus 31:18Då han hadde tala til endes med Moses på Sinaifjellet, gav han honom dei tvo lovtavlorne; det var steintavlor som Gud hadde skrive på med fingeren sin.
Deuteronomy 4:13Då lyste han lovi si for dykk, og sagde de skulde halda henne, dei ti bodordi, og skreiv deim på tvo steintavlor.
Deuteronomy 4:36Frå himmelen let han deg høyra røysti si, av di han vilde rettleida deg, og på jordi synte han deg den store elden sin, og midt utor elden høyrde du ordi hans.
2 Kings 17:37Og dei fyreskrifter og rettar, og den lov og det bod som han let skriva for dykk - deim skal de taka vare på og halda alle dagar; men de skal ikkje bera age for andre gudar.