The Bible Software
bible.software › Femte Mosebok › Femte Mosebok 6 › Femte Mosebok 6:2

Femte Mosebok 6:2

Ottast du Herren, din Gud, og held du heile ditt liv alle bodi og loverne hans, som eg ber fram for deg no, du og son din og soneson din, då skal dagarne dine verta mange på jordi.

Studentmållagsbibelen frå 1921

In The King James Version

That thou mightest fear the LORD thy God, to keep all his statutes and his commandments, which I command thee, thou, and thy son, and thy son’s son, all the days of thy life; and that thy days may be prolonged.

In Context

1Dette er dei bodi og loverne og rettarne som Herren, dykkar Gud, sagde eg skulde læra dykk, og som han vil de skal liva etter i det landet de er på vegen til og skal leggja under dykk.

3So høyr då bodi hans, Israel, og ber deim i hugen, og liv etter deim! Då skal det ganga deg vel, og de skal aukast og trivast i eit land som fløymer med mjølk og honning, soleis som Herren, din fedregud, hev sagt med deg.

Read all of Femte Mosebok 6

Cross References

Genesis 22:12Då sagde han: «Legg ikkje hand på sveinen, og gjer honom ikkje noko! For no veit eg at du hev age for Gud, sidan du ikkje ein gong sparde din einberningsson for mi skuld.»

Deuteronomy 4:10Kom i hug den dagen då du stod framfor Herren, din Gud, innmed Horeb, og Herren sagde til meg: «Kalla folket i hop! Eg vil lata deim høyra bodi mine, so dei kann læra å ottast meg all den tid dei liver på jordi, og læra borni sine det same.»

Deuteronomy 5:16Du skal æra far din og mor di, som Herren, din Gud, hev sagt med deg; då skal du få liva lenge og vel i det landet som Herren, din Gud, gjev deg.

Deuteronomy 6:7og du skal prenta deim inn i borni dine, og tala um deim når du sit heime, og når du gjeng etter vegen, og når du legg deg, og når du ris upp att;

Deuteronomy 10:12Og no, Israel, kva er det Herren, din Gud, krev av deg, anna enn det at du skal ottast Herren, din Gud, og allstødt ganga på hans vegar, og elska og tena honom av heile ditt hjarta og heile din hug,

Deuteronomy 13:4Herren, dykkar Gud, skal de fylgja, og honom skal de ottast; hans bod skal de lyda, og hans ord skal de høyra; honom skal de tena, og honom skal de halda dykk til.

This Verse In Other Editions

King James VersionBíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)Библия (Русский)新标点和合本성경 (한국어)الكتاب المقدس باللغة العربية، فان دايكBibbia Diodati (Italiano)Kinh Thánh (Tiếng Việt)Biblia Cornilescu (Română)Polish Biblia Gdanska (1881)Statenvertaling (Nederlands)

Study Femte Mosebok 6:2

Matthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)
← Femte Mosebok 6:1Femte Mosebok 6Femte Mosebok 6:3 →