Femte Mosebok 7:5
Høyr no korleis de skal fara med desse folki: Altari deira skal de riva ned, og minnesteinarne skal de slå sund; dei heilage trei deira skal de fella, og avgudsbilæti skal de brenna upp.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 23:24Du skal ikkje tena og ikkje tilbeda gudarne deira! Du skal ikkje gjera som dei gjer, men du skal riva ned avgudarne og slå sund minnesteinarne deira.
Exodus 34:13De skal riva ned altari deira og slå sund minnesteinarne og hogga dei heilage trei.
Deuteronomy 7:25Gudebilæti deira skal du kasta på elden, og ikkje bry deg um sylvet og gullet på deim, eller eigna det til deg; det vilde føra deg i ulukka; for det er ein styggedom for Herren, din Gud,
Deuteronomy 12:2Der som dei folki de tek landet frå, hev dyrka gudarne sine, der skal de gjera det audt, på dei høge fjell og på haugar og under sigrøne tre.
Deuteronomy 16:22Og du skal ikkje reisa nokon minnestein som Herren, din Gud, mislikar.
2 Kings 10:26og kasta ut stolparne i Ba’als-templet og brende deim upp.