Forkynnaren 2:10
Alt det augo ynskte, let eg deim få, eg heldt ikkje hjarta mitt burte frå nokor gleda; for hjarta hadde gleda av all mi møda, og det var min lut av all mi møda.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 3:6Og kona såg at treet var godt å eta av, og tykte det var ein hugnad for augo, og eit gildt tre, med di det kunde gjera ein klok. So tok ho av frukti og åt, og gav mannen sin og med seg, og han åt.
Judges 14:2Då han kom heim att, sagde han det med far sin og mor si: «Eg såg ei filistargjenta i Timna; henne lyt de festa til kona åt meg!»
Psalms 119:37Vend augo mine burt, so dei ikkje ser etter fåfengd, haldt meg i live på din veg!
Proverbs 23:5Lat ei augo fljuga til det som kverv, for det gjer seg vengjer, det er visst, som ein ørn som flyg til himmels.
Ecclesiastes 2:22Ja, kva hev mannen att for all si møda og sine hugmål som han mødest med under soli?
Ecclesiastes 3:22So skyna eg at ingen ting er betre enn at mannen er glad i arbeidet sitt, for det er hans lut. For kven kann føra honom so langt, at han ser inn i det som skal koma etter honom?