Forkynnaren 2:14
Den vise hev augo i hausen, men dåren ferdast i myrkret. Men eg skyna og at same lagnaden råkar den eine som den andre.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
13Då såg eg at visdomen hev same fyremunen framfor dårskapen som ljoset hev framfor myrkret.
Cross References
Psalms 49:10so han skulde halda ved å liva for alltid og ikkje sjå gravi.
Proverbs 14:8Klok manns visdom er: han skynar vegen sin, men dåre-narreskapen er: dei svik seg sjølv.
Ecclesiastes 3:19For lagnaden åt mannsborni er som lagnaden åt dyri, ja, same lagnaden fær dei; som den eine døyr, so døyr den andre, og ei ånd hev dei alle; menneskja hev ingen fyremun framfor dyri, for alt er fåfengt.
Ecclesiastes 6:8For kva fyremun hev vismannen framfor dåren? Kva fyremun hev fatigmannen som veit å vandra for augo på dei livande?
Ecclesiastes 8:1Kven er som vismannen, og kven veit å tyda ein ting? Mannsens visdom gjer hans andlit ljost, og det harde i hans åsyn vert umskift.
Ecclesiastes 9:2Alt kann hendast alle. Den same lagnaden råkar den rettferdige og den gudlause, den gode og reine og den ureine, den som ofrar og den som ikkje ofrar, det gjeng på same vis med den gode som med syndaren, med den som sver som med den som er rædd å sverja.