Forkynnaren 3:17
Då sagde eg med meg sjølv: «Den rettferdige og den urettferdige skal Gud døma; for hjå han er det sett ei tid for kvart tiltak og for kvart verk.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
16Framleides såg eg under soli: I domstolen, der sat uretten, og på rettferd-staden, der var uretten.
Cross References
Genesis 18:25Det er ikkje di vis å fara so åt, drepa den som rettvis er, saman med den som er gudlause, so det gjeng dei rettvise like eins som dei gudlause. So er ikkje di vis! Den som byter rett all jordi yver, skulde ikkje han gjera rett!»
Ecclesiastes 1:16Eg tenkte med meg sjølv: «Sjå no hev eg vunne meg større og rikare visdom enn alle dei som hev rådt yver Jerusalem fyre meg, og hjarta mitt hev set visdom og kunnskap i rikt mål.»
Ecclesiastes 3:1Alt hev si stund, og kvart tiltak under himmelen hev si tid:
Ecclesiastes 11:9Gled deg, du ungdom, med du er ung, ver godt i laget i ungdoms-åri, og far dei vegar som hugen vil, og fylg det som lokkar augo. Men det skal du vita at for alt dette vil Gud draga deg til doms.
Jeremiah 29:10For so segjer Herren: Når sytti år er lidne for Babel, vil eg vitja dykk og gjera sannrøynt på dykk det gode ordet mitt um å lata dykk koma tilbake til denne staden.
Daniel 12:4Men du, Daniel, må gøyma ordi og forsigla boki alt til endetidi; mange skal granska henne, og kunnskapen skal auka.»