Forkynnaren 3:22
So skyna eg at ingen ting er betre enn at mannen er glad i arbeidet sitt, for det er hans lut. For kven kann føra honom so langt, at han ser inn i det som skal koma etter honom?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
21Kven veit um åndi åt menneski stig uppetter, og um åndi åt dyri fer ned til jordi?»
Cross References
Deuteronomy 12:18For Herrens åsyn, på den staden han vel seg ut, skal du eta det, du og son sin og dotter di, og drengen og tenestgjenta, og leviten som bur innan portarne dine, og du skal gleda deg for Herrens åsyn i alt det du hev vunne med arbeidet ditt;
Deuteronomy 28:47For di du ikkje tente Herren din med gleda og av hjartans hug den gongen du hadde flust av alt,
Ecclesiastes 2:10Alt det augo ynskte, let eg deim få, eg heldt ikkje hjarta mitt burte frå nokor gleda; for hjarta hadde gleda av all mi møda, og det var min lut av all mi møda.
Ecclesiastes 3:11Alt hev han laga fagert til si tid, ja, æva hev han lagt i hjarta deira, men so at menneskja ikkje kann finna ut frå upphav til endes det verk som Gud hev gjort.
Ecclesiastes 5:18Og so tidt Gud gjev ein mann rikdom og skattar og attpå gjer honom før til å njota godt av det og taka sin lut og gleda seg i møda si, so er det ei gåva frå Gud.
Ecclesiastes 8:7For han veit ikkje kva som skal henda, og kven kann segja honom korleis det vil verta?