Forkynnaren 4:8
Det hender at ein mann stend åleine og hev ingen annan med seg, korkje son eller bror; og like vel er det ingen ende på alt strævet hans, og augo hans vert ikkje mette av rikdom. Men kven strævar eg for og neittar meg sjølv det som godt er? Det er fåfengt, og ei leid møda er det.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7Og endå noko såg eg som er fåfengt under soli:
9Tvo er betre farne enn ein, for dei hev god løn for strævet sitt.
Cross References
Genesis 2:18Og Herren Gud sagde: «Det er ikkje godt at mannen er einsleg. Eg vil gjeva honom ei hjelp som høver for honom.»
Psalms 39:6Sjå, som ei lovebreidd hev du sett mine dagar, og mi livstid er som ingen ting for deg; berre som den tome fåfengd er kvart menneskje sett her. Sela.
Proverbs 27:20Helheim og avgrunn vert ikkje mette, og menneskjeaugo vert ikkje mette.
Ecclesiastes 1:13Eg lagde hugen på å granska og å ransaka med visdom alt det som hender under himmelen. Det er ei leid plåga som Gud hev gjeve mannsborni å plågast med.
Ecclesiastes 4:9Tvo er betre farne enn ein, for dei hev god løn for strævet sitt.
Ecclesiastes 5:10Di meir gods, di fleire til å tæra på det. Kva gagn hev eigaren av det anna enn augnesyn?