Forkynnaren 7:10
Seg ikkje: «Korleis hev det seg at dei framfarne dagar var betre enn dei som no er?» For ikkje utav visdom spør du um det.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
9Ver ikkje for brå i hugen til å gremmast, for gremmelse bur i barmen på dårar.
11Visdom er jamgod med ervegods, og ei vinning for deim som ser soli.
Cross References
Genesis 6:11Men jordi vart verre og verre i Guds augo, og jordi vart full av urett.
Psalms 14:2Herren skodar ned frå himmelen på menneskjeborni og vil sjå um der er nokon vitug, nokon som søkjer Gud.
Jeremiah 44:17men me vil gjera etter alt det som me hev lova med vår munn; å brenna røykjelse åt himmeldronningi og renna ut drykkoffer åt henne, so som me fyrr hev gjort, me og federne våre og kongarne våre og hovdingarne våre, i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne. Då hadde me nøgdi av brød, og det gjekk oss vel, og me såg ingi ulukka kom yver oss.
Romans 3:9Kva då? Hev me nokon fyremun? Nei, slett ikkje; for me hev fyrr klaga både jødar og grækarar for at dei er under synd alle saman,