Forkynnaren 9:11
Framleides såg eg under soli at ikkje dei snøgge råder yver skeidet, og ikkje kjemporne yver i striden, og ikkje heller dei vise yver brød, ikkje heller dei vituge yver rikdom, ikkje heller dei kunnige yver manntekkje; for tid og lagnad møter deim alle.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 2:3Slutta med kyt og kaute ord! Slepp ikkje agelause ord or munnen! For Herren er Gud som allting veit, og verki deim veg han vel.
2 Samuel 2:18Tri søner av Seruja var med i striden: Joab, Ahisai og Asael. Asael var lettføtt som ei hind i heidi.
2 Samuel 17:23Då Ahitofel såg at dei ikkje fylgde rådi hans, sala han asnet sitt, steig uppå og reid heim til sin by. Og då han hadde skila for seg, hengde han seg. Det var hans bane. Han vart gravlagd i gravi åt far sin.
Job 5:11som lyfter låg og liten upp og hjelper syrgjande til frelsa,
Psalms 33:16Ein konge vert ikkje frelst ved sin store styrke, ei kjempa ikkje berga ved si store kraft.
Psalms 147:10Han hev ikkje hug til hestens styrke, han hev ikkje hugnad i mannsens leggjer.