Ephesians 1:4
liksom han valde oss ut i honom, fyrr verdi vart grunnlagd, at me skulde vera heilage og ulastelege for hans åsyn,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 135:4For Jakob hev Herren valt seg ut, Israel til sin eigedom.
Isaiah 42:1Sjå min tenar som eg styd, min utvalde som eg elskar! Honom gjev eg anden min, rett han førar ut til folki.
Matthew 11:25I den same tidi tok Jesus til ords og sagde: «Eg lovar deg, Fader, du som råder yver himmelen og jordi, at du hev løynt dette for dei lærde og kloke, og openberra det for dei ulærde og barnslege!
Matthew 24:24For det skal standa fram falske Messias’ar og falske profetar og gjera store teikn og under, so jamvel dei utvalde kunde forvillast, um det var råd.
Matthew 25:34So skal kongen segja til deim på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borni åt far min, og tak det riket i eige som var etla åt dykk alt ifrå verdi var skapt!
John 10:16Eg hev andre sauer og, som ikkje høyrer til denne kvii; deim og lyt eg leida, og dei skal lyda røysti mi, og det skal vera ei hjord og ein hyrding.