Ephesians 4:9
Men det at han for upp, kva er det, utan at han og fyrst for ned til lægderne på jordi?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
8Difor segjer Skrifti: «Han for upp i det høge og førde burt fangar og gav menneski gåvor.»
10Han som for ned, han er den same som for upp yver alle himlar, for at han skulde fylla alt.
Cross References
Genesis 11:5Då steig Herren ned og vilde sjå byen og tårnet som manneborni bygde.
Psalms 8:5kva er då eit menneskje, at du kjem det i hug, og ein menneskjeson, at du ser til honom!
Psalms 139:15Mine bein var ikkje dulde for deg då eg vart laga i løynd, då eg med kunst vart verka djupt i jordi.
Isaiah 44:23Jubla, himlar! For Herren hev sett det i verk. Ropa med frygd, de dypter i jordi! Set i med jubel, de fjell! Du skog med kvart eit tre! For Herren hev løyst ut Jakob, og syner seg herleg på Israel.
John 3:13Og ingen hev stige upp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen, Menneskjesonen, som var i himmelen.
John 6:38for eg hev kome ned frå himmelen, ikkje til å gjera det eg sjølv vil, men det han vil som sende meg,