Esther 1:12
Men dronning Vasti vilde ikkje koma, tråss i det kongsbodet hirdmennerne bar fram. Då vart kongen veldugt vreid, og harmen loga upp i honom.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 32:19Då dei kom næmare innåt lægret og fekk sjå gullkalven og dansarflokkarne, då vart Moses so harm, at han kasta tavlorne frå seg nedunder fjellet og slo deim sund.
Deuteronomy 29:20Herren skal aldri gjeva deim til. Herrens vreide og harm skal loga imot deim som ein eld, og alle dei våbøner som er skrivne i denne boki, skal kvila på deim. Herren skal rydja namnet deira ut or verdi.
Psalms 79:5Kor lenge, Herre, vil du æveleg vera vreid? Kor lenge skal din brennhug loga som eld?
Proverbs 20:2Den rædsla kongen vekkjer, er som løveburing, den som fær hans vreide på seg, set livet sitt på spel.
Daniel 3:13Då baud Nebukadnessar i vreide og harm at dei skulde føra fram Sadrak, Mesak og Abed-Nego. Og dei førde mennerne fram for kongen.
Nahum 1:6Kven kann standa for hans trugsmål, og kven kann halda ut hans brennande harm? Vreiden hans gøyser fram som eld, og bergi brest i sund for honom.