Esther 2:5
I borgi Susan var det ein jøde som heitte Mordokai, son åt Ja’ir, son åt Sime’i, son åt Kis, av Benjamins-ætti.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 9:1Kis heitt ein mann av Benjamin. Han var son åt Abiel, son åt Seror, son åt Bekorat, son åt Afiah, son åt ein benjaminit. Han var ein velhalden mann.
2 Kings 24:12Juda-kongen Jojakin gav seg då yver til Babel-kongen med mor si og tenarane og hovdingarne og hirdmennerne sine; og Babel-kongen tok honom til fange i åttande styringsår.
Esther 1:2i dei dagarne då kong Ahasveros sat på kongsstolen i borgi Susan:
Esther 3:2Og alle kongens tenarar som var i kongsporten, fall på kne og kasta seg ned for Haman; so hadde kongen sagt fyre om honom. Men Mordokai fall ikkje på kne og kasta seg ikkje ned.
Esther 10:3Jøden Mordokai var den som stod kong Ahasveros næmest, og han var stor millom jødarne og kjær for dei mange brørne sine; han søkte det som godt var for folket sitt, og tala til bate for all si ætt.