Esther 3:13
So sende dei brev med snøggbod til alle jarleriki åt kongen, at alle jødar skulde verta utrudde, drepne og tynte, både unge og gamle, born og kvende, alle på ein dag, den trettande dagen i tolvte månaden, det vil segja månaden adar, og deira gods skulde gjevast til plundring.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 22:19Og folket i prestebyen Nob slo han med sverd, karar og kvende, småborn og store born, bufe og smale og asen, alt hogg han ned med sverdet.
Esther 7:4For me er selde, eg og folket mitt, til å verta utrudde, drepne og tynte. Hadde me vorte selde til trælar og trælkvinnor, då skulde eg tagt; for den ulukka vilde ikkje vore so stor at det var verdt å bry kongen.»
Esther 8:10Han skreiv i namnet åt kong Ahasveros og forsigla med signetringen åt kongen. So sende han brev ikring med ridande snøggbod på tråvarar frå kongens eigne stallar,
Esther 9:1Trettande dagen i den tolvte månaden, det vil segja månaden adar, den dagen det var fastsett at kongens ord og påbod skulde setjast i verk, den dagen jødefiendarne hadde vona å få magt yver deim - no hadde det snutt seg soleis, at det var jødarne som fekk magt yver fiendarne sine -
Job 9:25Mitt liv fer snøggare enn lauparen, dei kverv, men lukka såg det aldri;
Jeremiah 51:31Lauparsvein løyp mot lauparsvein og sendebod mot sendebod, med bod til Babel-kongen at byen hans er teken frå ende til annan,