Esther 4:3
I kvart jarlerike, dit som kongens ord og påbod nådde, der vart det stor sorg millom jødar; dei fasta og gret og jamra; mange reidde upp under seg med sekk og oska.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 4:13Då han kom dit, sat Eli på stolen sin attmed byporten og einstirde utetter vegen; for hjarta hans bivra av otte for Guds kista. Då mannen kom inn i byen med denne tidendi, tok heile byen til å jamra og klaga.
Esther 1:1Det hende seg i styringstidi åt Ahasveros - som rådde frå India alt til Ætiopia yver eit hundrad og sju og tjuge jarlerike -
Esther 4:16«Gakk og få saman alle jødar som finst i Susan, og haldt fasta for meg, so de korkje et eller drikk noko på tri døger, natt og dag. Eg og ternorne mine vil og fasta sameleis. Og so vil eg ganga inn til kongen, endå det er ulovlegt. Lyt eg so døy, so lat meg døy!»
Job 2:8og han tok seg eit skålbrot og skrapa seg med der han sat i oskedungen.
Isaiah 22:12Herren, Allhers-Herren, kalla på den dagen til gråt og øying, til å raka hovudet og sveipa seg i syrgjeklæde.
Isaiah 58:5Er det ei faste eg likar, ein dag då menneskja spekjer seg? Å bøygja hovudet som eit sev, å reider seg seng i sekk og oska - kallar du det ei faste, og ein dag som er Herren til hugnad?