Esther 6:13
Og Haman fortalde Zeres, kona si, og alle venerne sine alt det som hadde hendt honom. Då sagde vismennerne hans og Zeres, kona hans, med honom: «Um so er at Mordokai, som du tek til å liggja under for, er av jødeætt, so magtast du ingen ting mot honom; du kjem til å liggja reint under for honom.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 41:8Men um morgonen hadde han slik uro i seg. So sende han bod og kalla til seg alle runemeistrar i Egyptarland, og alle dei vise menner der var. Og Farao fortalde deim draumarne sine; men det var ingen som kunde tyda deim for honom.
Deuteronomy 32:10Han fann han på aude viddi, med det ylte i villande heid; han verna han, og han vakta han vart, som ein augnestein.
Esther 5:10Like vel styrde han seg, til han kom heim. Då sende han bod etter venerne sine og etter Zeres, kona si.
Job 16:2«Eg hev høyrt nok av dette slag; d’er brysam trøyst de alle gjev.
Proverbs 28:18Den som ferdast lytelaust, vert frelst, men den range tvivegs-farar fell på den eine.
Daniel 5:26Og dette er uttydingi på ordi: Mené, det tyder: Gud hev talt dagarne åt riket ditt og gjort ende på det.