Esther 6:3
So spurde kongen: «Kva æra og vyrdnad hev Mordokai fenge for dette?» Kongsdrengjerne som tente honom svara: «Han hev ingen ting fenge.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 40:23Men skjenkjarmeisteren kom ikkje i hug Josef; han gløymde honom.
1 Samuel 17:25Ein av Israels-mennerne sagde: «Ser de den karen som kjem fram der? Til svivyrding for Israel kjem han. Den som feller honom, vil kongen gjeva rikdom, og dotter si vil han gjeva honom, og ætti hans skal verta fri alle skattar og tyngslor i Israel.»
Psalms 118:8Det er betre å fly til Herren enn å lita på menneskje.
Daniel 5:7Og kongen ropa med høg røyst, og baud at dei skulde henta manarane og kaldæarane og stjernetydarane. Og kongen sagde so til dei vise i Babel: «Kven det er som kann lesa denne skrifti og gjeva meg uttydingi på henne, han skal verta klædd i purpur, ei gullkjeda skal han få um halsen, og verta den tridje mannen i riket.»
Daniel 5:29Då baud Belsassar, og dei klædde Daniel i purpur, og hengde ei gullkjeda um halsen hans, og ropa ut um honom at han skulde vera tridje mannen i riket.