Esther 8:17
Og i kvart jarlerike og i kvar ein by som kongens ord og påbod nådde til, der vart det gleda og fagnad på jødarne, med gilde og høgtid. Mange av folki i landet gjekk yver til jødedomen, so stor otte hadde dei fenge for jødarne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
16For jødarne rana no ljos og gleda, fagnad og vyrdnad.
Cross References
Exodus 15:16Rædsla kjem på deim og rygd; når dei augnar din velduge arm, då tegjer dei stilt som ein stein, medan folket ditt, Herre, fer fram, med det folket fer fram som du vann deg.
Deuteronomy 11:25Ingen skal kunna standa seg imot deg; otte for deg og rædsla skal koma yver kvart land du stig på med foten din, soleis som Herren hev sagt deg.
Joshua 2:11Då me høyrde det, kolna me all igjenom, so rædde vart me, og no finst det ingen meir som hev hug til å møta dykk; for Herren, dykkar Gud, han er Gud både uppi himmelen og nedpå jordi.
Nehemiah 8:10Og han sagde til deim: «Gakk no og et den beste mat, og drikk den søtaste vin de hev! Og send gåvor til den som inkje hev! For denne dagen er heilag for vår Herre. No skal de ikkje syta. Gleda i Herren er dykkar faste borg!»
Esther 9:3Alle hovdingarne i jarleriki og satraparne og jarlarne og embætsmennerne åt kongen hjelpte jødarne; so stor otte hadde dei fenge for Mordokai;
Esther 9:19Difor høgtidar jødarne på landsbygdi, dei som bur i landsbyarne, den fjortande dagen i månaden adar med fagnad, med gjestebod og festar og dei sender forner til kvarandre.