Esther 9:19
Difor høgtidar jødarne på landsbygdi, dei som bur i landsbyarne, den fjortande dagen i månaden adar med fagnad, med gjestebod og festar og dei sender forner til kvarandre.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 3:5Alle desse var faste borger med høge murar og tvihurda portar med slå fyre. Umfram deim tok me og alle landsbyarne, og det var uhorveleg mange.
Deuteronomy 16:11Og du skal gleda deg for Herrens åsyn, på den staden han hev valt seg til bustad, både du og son din og dotter di, og drengen og tenestgjenta, og leviten som bur innan portarne dine, og dei framande og farlause og enkjorne de hev hjå dykk.
Nehemiah 8:10Og han sagde til deim: «Gakk no og et den beste mat, og drikk den søtaste vin de hev! Og send gåvor til den som inkje hev! For denne dagen er heilag for vår Herre. No skal de ikkje syta. Gleda i Herren er dykkar faste borg!»
Esther 9:22for dei dagarne hadde jødarne rådt seg ro for fiendarne sine, og i den månaden hadde suti deira snutt seg um til fagnad og sorgi til høgtid. Difor skulde dei gjera desse dagarne til gjestebods-dagar og fagnad-dagar, og senda fornar til kvarandre og gåvor til fatigfolk.
Zechariah 2:4og eg spurde: «Kva skal desse gjera?» Han svara: «Det var horni som spreidde Juda so at ingen lyfte hovudet sitt. Desse er no komne og skal skræma deim og slå av horni på dei heidningfolki som lyfte horn mot Judalandet til å spreida det.»
Revelation 11:10Og dei som bur på jordi, skal gleda seg yver deim og fagna seg og senda kvarandre gåvor, av di desse tvo profetarne var til plåga for deim som bur på jordi.»