Esther 9:2
den dagen slo jødarne seg i hop i byarne sine i alle dei jarleriki åt kong Ahasveros og vilde leggja hand på deim som elta gjera deim mein. Og ingen stod seg imot deim; so stor otte hadde alle folk fenge for deim.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 23:27Fælska for meg skal eg senda fyre deg; alle dei folki du kjem til, skal eg forvilla; eg skal laga det so at alle fiendarne dine syner deg ryggen.
Joshua 2:9og sagde til deim: «Eg veit at Herren hev gjeve dykk dette landet. For dykkar skuld hev det kome ein otte yver oss, og alle som bur her i landet, er so rædde dykk at dei skjelv.
Esther 8:11at kongen gav jødarne i kvar by lov til å slå seg i hop og verja livet sitt, og rydja ut, drepa og tyna alle væpna flokkar i kvart folk og jarlerike som synte deim fiendskap, alt til born og kvende, og so plundra eigedomarne deira,
Esther 9:10dei ti sønerne åt Haman Hammedatason, jødefienden, drap dei. Men til plundring rette dei ikkje ut handi.
Psalms 71:13Lat deim som stend etter mitt liv, verta til skammar og ganga til grunnar! Lat deim som søkjer mi ulukka, verta klædde i spott og skam!
Isaiah 8:9Bråka berre, de folkeslag, de skal brotna. Lyd etter, alle land langt burte! Bu dykk til strid! de skal brotna.