Esther 9:3
Alle hovdingarne i jarleriki og satraparne og jarlarne og embætsmennerne åt kongen hjelpte jødarne; so stor otte hadde dei fenge for Mordokai;
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Esther 3:2Og alle kongens tenarar som var i kongsporten, fall på kne og kasta seg ned for Haman; so hadde kongen sagt fyre om honom. Men Mordokai fall ikkje på kne og kasta seg ikkje ned.
Esther 8:5«Tekkjest det kongen,» sagde ho, «og hev eg funne nåde i hans augo, tykkjer kongen det er meining i det, og held han meg gjæv, so lat det ferdast ut eit brev til avlysing av brevi med meinrådi åt agagiten Haman Hammedatason, dei som han ferda ut til å tyna jødarne i alle kongens jarlerike.
Esther 8:17Og i kvart jarlerike og i kvar ein by som kongens ord og påbod nådde til, der vart det gleda og fagnad på jødarne, med gilde og høgtid. Mange av folki i landet gjekk yver til jødedomen, so stor otte hadde dei fenge for jødarne.
Daniel 6:1Og Darius frå Media tok imot riket då han var tvo og seksti år gamall.