Esther 9:5
Jødarne slo eit slag på alle fiendarne sine, med sverd og dreping og tyning, og dei for som dei vilde med motmennerne sine.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
6I borgi Susan drap og tynte jødarne fem hundrad mann.
Cross References
Nehemiah 9:24So kom då sønerne og hertok landet. Du kua kananitarne for deim; deim som budde i landet, bøygde du under deim og gav i deira hender, både kongarne og folki der i landet, so dei kunde gjera med deim etter eige tykkje.
Psalms 18:34som gjev meg føter liksom hindarne og set meg upp på mine høgder,
Psalms 20:7No veit eg at Herren frelser den han salva; han svarar honom frå sin heilage himmel med frelsande storverk av si høgre hand.
Psalms 149:6Lovsong for Gud er i deira munn, og eit tvieggja sverd i deira hand,
2 Thessalonians 1:6so sant som det er rettferdigt for Gud å gjeva deim trengsla att som trengjer dykk,