Andre Mosebok 1:11
So sette dei futar yver deim, som skulde plåga deim med tungarbeid, og dei laut byggja tvo byar med varehus for Farao; det var Pitom og Ramses.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 15:13Og han sagde til Abram: «Det skal du vita, at ætti di skal halda til i eit land som ikkje er deira, og dei skal tena folket der og tola mykje vondt av deim i fire hundrad år.
Exodus 2:11So leid tidi fram til Moses var vaksen. Då var det ein gong han gjekk ut til landsmennerne sine, og såg korleis dei laut slita og slæpa, og so fekk han sjå ein egyptar som slo ein hebræar, ein av landsmennerne hans.
Exodus 5:4Då sagde egyptarkongen til deim: «Moses og Aron, kvi hefter de folket burt frå det dei hev å gjera? Gakk til arbeidet dykkar!
Exodus 5:15Då gjekk arbeidsformennerne til Farao, og kjærde seg for honom og sagde: «Kvi fer du soleis med tenarane dine?
Numbers 20:15Federne våre for ned til Egyptarland, og der budde me mange, mange år, og egyptarane var harde med oss og federne våre;
1 Kings 9:19bygde og alle dei upplagsbyar Salomo hadde, og vognbyarne og hestbyarne og elles alt som Salomo fekk hug og lyst til å få bygt i Jerusalem og på Libanon og i heile kongeriket sitt -: