Andre Mosebok 12:16
Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling, og den sjuande dagen ei heilag samling. Dei dagarne skal de ikkje hava noko arbeid fyre dykk; berre den maten som kvar mann treng, skal de laga til og elles ingen ting gjera.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 16:5Og når dei lagar til det dei kjem heim med sette dagen, då skal det vera ein gong til so mykje som det dei elles sankar um dagen.»
Exodus 16:29Kom i hug: Herren hev gjeve dykk kviledagen; difor er det at han sette dagen gjev dykk brød for tvo dagar. Haldt dykk no heime, kvar hjå seg! Ingen gange burt frå bustaden sin sjuande dagen!»
Exodus 35:2Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge, men den sjuande dagen skal de halda heilag; han skal vera ein kviledag, vigd åt Herren. Kvar den som då gjer noko arbeid, skal lata livet.
Leviticus 23:7den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid,
Leviticus 23:24«Tala til Israels-folket og seg: «Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda helg; då skal luren ljoma og minna dykk, og de skal halda eit heilagt møte.
Leviticus 23:35Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera.