Andre Mosebok 12:39
Av deigen dei hadde med seg frå Egyptarland, baka dei hellekakor; for han var ikkje syrt, etter di dei vart jaga ut or Egyptarland og ikkje torde drygja der lenger; og ikkje hadde dei butt seg til med ferdakost heller.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
40Den tidi som Israels-folket hadde havt bustaden sin i Egyptarland, var fire hundrad og tretti år.
Cross References
Exodus 11:1Då sagde Herren til Moses: «Endå ei ulukke vil eg føra yver Farao og egyptarane, so skal han sleppa dykk av; han skal ikkje berre gjeva dykk lov til å fara, men beint fram driva dykk ut.