Andre Mosebok 13:12
då skal du eigna åt Herren alt som kjem fyrst frå morsliv. Alt det fyrste som fell undan det feet du eig, og som er han av slaget, det skal høyra Herren til.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 22:28Gud skal du ikkje hæda, og ein hovding i folket ditt skal du ikkje banna.
Exodus 34:19Alt som kjem fyrst frå morsliv, skal høyra meg til, alt bufeet ditt som er han av slaget og som fell fyrst undan naut eller sau.
Leviticus 27:26Det som er frumbore i buskapen, kann ikkje lovast burt; etter di det er frumbore, er det longe Herrens eigedom; anten det er storfe eller småfe, so høyrer det Herren til.
Numbers 3:13For mine er alle dei frumborne. Den dagen eg slo i hel alt som var frumbore i Egyptarlandet, vigde eg åt meg alt som er frumbore hjå Israel, både folk og fe; meg høyrar det til, meg, Herren.»
Numbers 18:15Alt som kjem fyrst frå morsliv, alt livande som dei ber fram for Herren, anten det er folk eller fe, skal vera ditt; men det som er frumbore av folk, skal du lata deim løysa, og det som er frumbore av ureine dyr, kann og løysast.
Nehemiah 10:36og det som er frumbore av folk og fe, som skrive er i lovi, og føra det frumbore av storfe og småfe til Herrens hus, til prestarne som gjer tenesta i vår Guds hus;