Andre Mosebok 13:17
Då Farao hadde gjeve folket lov til å fara, so førde Gud deim ikkje på den vegen som bar til Filistarlandet, endå det var den næmaste. Han tenkte dei kunde koma til å angra seg, når dei møtte ufred, og so fara attende til Egyptarlandet;
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 14:10Farao kom næmare og næmare, og då Israels-folket skulde sjå til, då såg dei egyptarane kom setjande etter deim. Då vart Israels-folket fælande rædde, og ropa til Herren.
Exodus 16:2Medan dei var der i øydemarkerne, tok heile Israels-lyden til å mukka mot Moses og Aron,
Deuteronomy 17:16Men han skal ikkje halda mange hestar, og ikkje senda folket attende til Egyptarland, so han kann få seg mange hestar; for Herren hev sagt dykk: «Den vegen skal de ikkje fara meir!»
Deuteronomy 28:68På skip skal Herren senda dykk attende til Egyptarland, den vegen som eg sagde deg at du aldri meir skulde sjå; der skal de verta bodne ut i mengd åt dykkar fiendar til trælar og til trælkvende, men ingen idest kjøpa dykk.»
1 Kings 8:47og dei då tenkjer seg um i det landet der dei er fangar, og vender um og bed deg um nåde i landet åt deim som held deim i band, og segjer: «Me hev synda og gjort ille, me hev vore ugudlege,»
Luke 14:27Den som ikkje ber krossen sin og kjem etter meg, kann ikkje vera min læresvein.